sidekart       a   a   a
Du er her: Startside  »  Prosjekt  »  OKLA

Okla

Lokalisert til fjellplatået mellom Kyrnosa og Kjødsnosa på Stadlandet i Selje kommune i Sogn og Fjordane. Planlagt installasjon er 21 MW med 9 turbinar, som vil kunne gje ein årleg produksjon på 65 GWh. Dette tilsvarar straumforbruket til omlag 3.000 husstandar.

Området for vindkraftanlegget ligg mellom 300 og 450 m.o.h. Berggrunnen består for det meste av næringsfattig gneis og vegetasjonstypane er lynghei og terrengdekkande myr. Området er ein god vindparklokalitet med svært gode vindforhold, tilstrekkelig tilgjengeleg areal og akseptable terrengforhold.

Det vart sett opp ei vindmålemast på Kjødsnosa på Okla i oktober 2005. Midlare vindhastigheit for dei vurderte turbinpunkta i området er førebels vurdert til 9.2 m/s i navhøgde, ca 80 meter.

Tilkomstveg er planlagd frå fylkesveg 633 i Borgundvåg og opp til Kyrnosa. Lengda på tilkomstvegen er omlag 3 km. Det vil vidare verte bygd vegar fram til kvar vindturbin, totalt 4,3 km nye interne vegar.

Det vil verte lagt jordkablar frå kvar vindturbin og fram til ein koplingsstasjon i vindparken. For å føre krafta ut frå vindparken er det planlagt ein 22 kV-jordkabel lagt i veggrøfta langs tilkomstvegen fram til eksisterande 22 kV-leidning i Borgundvåg, ein strekning på om lag 3,8 km. Eksisterande 22 kV-leiding vil herifrå verte skifta ut med ein ny 22 kV-leidning fram til regionalnettpunkt i Skorge kraftverk. Den nye leidningen er planlagt som jordkabel gjennom tettstaden Leikanger (ca 3,5 km) og elles som luftleidning (ca 19,3 km).

Vestavind Kraft AS - Bukta - N-6823 Sandane - Norway . Tel +47 57 88 37 02 Faks +47 57 88 37 01 Epost: post@vestavindkraft.no |   Admin