Hennøy
Prosjektet er lokalisert i området kring Marafjellet mellom Hennøystranda og Nesbø i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Planområdet for vindparken dekkjer eit areal på ca. 1,7 km2, og det er aktuelt å sette opp 7 ‐ 12 vindturbinar med ein total installert effekt på inntil 35 MW. Det vil kunne gje ein årleg produksjon på 95 GWh, som tilsvarar straumforbruket til omlag 4.800 husstandar.
Vindkraftanlegget er planlagt i nærleiken av Bremanger Quarry sitt steinbrot på Sætrefjellet. Steinbrotet har utført betydelege terrenginngrep i området, og dette gjer at området allereie har redusert sin kvalitet med tanke på landskap, naturmiljø, friluftsliv etc.
Det er sett opp ei vindmålemast i planområdet, og målingane og berekningane som er gjort viser at den gjennomsnittlege vindstyrken i 80 meters høgde innanfor planområdet er i snitt på ca 8,4 m/s.
Det vil bli lagt jordkablar frå kvar enkelt turbin og fram til ny transformatorstasjon ved Spekbenkvatnet i planområdet, for deretter å koble til eksisterande kraftnett.
I tillegg vil det bli etablert ei ny kai ved Merkingsneset vest for Nesbø, med tilhøyrande lagringsplass for turbinar og anna utstyr som vert frakta inn sjøvegen. Adkomstvegen frå Merkingsneset til Marafjellet vil i stor grad følgje eksisterande skogsveg langs ei strekning på ca 3,5 km. På dei siste 2,2 km opp til Marafjellet må det byggjast ein ny veg.
Det er inngått leigeavtale med nær alle grunneigarane som blir berørt av vindkraftanlegget.