Haram Kraft AS fekk i desember 2009 stadfesta konsesjon for eit vindkraftverk på inntil 66 MW lokalisert på Haramsøy i Haram kommune i Møre og Romsdal. Vindkraftverket skal ligge på eit fjellplatå 350 - 400 m over havet på Haramsøya som strekkjer seg frå Nova i vest til Mannen i aust. Området er prega av oppdyrka mark til fórproduksjon, og der er ein eksisterande veg i det planlagde vindkraftområdet.
Frå transformatoren i vindparken vil det gå ein 132 kV luftleidning ned frå Haramsfjellet til Austnes. Derfrå skal det gå ein 132 kV jordkabel til Johannesneset, og sjøkabel over til Haugvika. Frå Haugvika til transformatorstasjonen på Alvestad skal det leggjast ein 132 kV jordkabel. Det lokale 22 kV distribusjonsnettet på Haramsøya skal knytast opp mot trafoen i vindparken slik at det lokale nettet vert forsterka, og straumforsyninga til øya blir betre.
Vindmålingane viser at det er ein høg gjennomsnittvind i planområdet. Det er gjennomført vindmålingar på Ullahornet og på Nova, og gjennomsnittsvinden i 80 m høgde er berekna til å være over 8 m/s.
Vindkraftanlegget vert utvikla og eigd av Haram Kraft AS, eit prosjektselskap eigd av Vardar AS (17,5 %), Østfold Energi AS (17,5 %), E.ON Vind Sverige AB (35 %) og Vestavind Kraft AS (30 %). Eigarselskapa er kraft- og energiselskap som har fornybar energi som sine hovedsatsningsområder.