Om Vestavind Kraft AS
Vestavind Kraft vart skipa i november 2005, og selskapet sitt forretningsområde er å utvikle, byggje, eige og drive vindkraftanlegg. Selskapet skal i tillegg drive konsulentverksemd og tenesteleveransar knytt til område innan vindkraft og vindteknologi.
Vestavind Kraft vil:
- Gje samfunnet effektiv produksjon av meir rein og fornybar elektrisk energi.
- Skape verdiar for selskapet Vestavind Kraft og eigarselskapa, samt lokal verdiskaping.
- Gje lokalsamfunna ein rimeleg kompensasjon for areal som vert nytta og for moglege ulemper som vindkraftverket skaper.
- Byggje vindkraftverk som samla sett er klart meir til nytte enn til ulempe, både for miljøet og for samfunnet – lokal og nasjonalt.
- Utvikle, byggje, drive og avvikle prosjekta i samsvar med lover og reglar, og med mest mogleg openheit og god informasjon.
- Medverke til løysing av klimaproblema i verda.
Bak Vestavind Kraft står energiselskapa i Vestlandsalliansen, representert ved Tafjord Kraftproduksjon AS, SFE Produksjon AS, Sunnfjord Energi AS, Sognekraft AS, BKK Produksjon AS, Sunnhordland Kraftlag Produksjon AS og Haugaland Kraft AS.
Selskapet har i dag 6 fast tilsette og 4 innleigde konsulentar frå eigarselskapa, og er lokalisert på Sandane i Sogn og Fjordane.