sidekart       a   a   a
Du er her: Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel

Vindkraftkonferanse i Førde

Vindkraftkonferanse i Førde

01.09.2010


- Dei beste vindkraftprosjekta i Noreg vert sannsynlegvis realisert det komande tiåret, sa administrerande direktør i Vestavind Kraft AS, Stig Svalheim under Vindkraftkonferansen i Førde i dag.


Over 100 deltakarar deltok på Vindkraftkonferansen i Førde som vart arrangert av Fagskulen i Sogn og Fjordane i samarbeid med Vestavind Kraft AS, Vindkraftforum Sogn og Fjordane og Sunnfjord næringsråd.

Stig Svalheim innleia konferansen med å fortelje om Vestavind Kraft, og om planar og utfordringar selskapet har i samband med vindkraftutbygging på Vestlandet. Han understreka at Vestlandet og Sogn og Fjordane har så gode vindforhold at dei beste prosjekta kan kome til å ligge i denne regionen.

Konferansen samla mange spanande foredragshaldarar, mellom andre generalsekretær i NORWEA Øyvind Isachsen, Unni Berge i ZERO, Frank Aarebrot, professor ved UIB og Tore Tomter, fagsjef i Siemens.

Vedlagt følgjer lenke til presentasjonen som administrarande direktør Stig Svalheim holdt på konferansen.


Tilbake
Vestavind Kraft AS - Bukta - N-6823 Sandane - Norway . Tel +47 57 88 37 02 Faks +47 57 88 37 01 Epost: post@vestavindkraft.no |   Admin