sidekart       a   a   a
Du er her: Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel

Samarbeid om realfagsenter

Samarbeid om realfagsenter

20.05.2010


Vestavind Kraft har inngått ein partnerskapsavtale med Firda vidaregåande skule om oppretting av eit realfagsenter ved skulen.


Det nye realfagsenteret ved Firda vidaregåande skule som skal stå ferdig til hausten 2010 vert det einaste av sitt slag i Sogn og Fjordane, og har som målsetjing å styrke og utvikle kompetanse innan realfaga.
 
- I første omgang har vi gått inn med 50 000 kroner til vindkraftrelatert utstyr til senteret, og når senteret er på plass skal vi også bidra med kompetanse, fortel administrerande direktør Stig Svalheim i Vestavind Kraft. Vindkraft er sjølve symbolet på det fornybare framtidssamfunnet, og vi er svært positive til å delta i dette prosjektet med vår kunnskap og kompetanse.
 
- Senteret har klima og energi som satsingsområde, og difor er Vestavid Kraft ein viktig og interessant samarbeidspartner for oss, fortel rektor Kjell Arnestad ved Firda vidaregåande skule.
 
Klar målsetjing

Firda vidaregåande skule har i tillegg til avtalen med Vestavind, inngått partnerskapsavtalar med Nordjord Folkemuseum, båtbyggarane Brødrene Aa, Sogn og Fjordane Energi, og Gloppen kommune. Målsetjinga er at samarbeidspartnarane skal bidra til å styrke og utvikle realfagskompetanse, utnytte felles ressursar, og arbeide for utvikling av samarbeid mellom skule, arbeidsliv og lokalsamfunn.

- I tillegg til at senteret vert eit godt tilbod til elevane ved skulen, skal det kunne tilby fagtilbod som lokalt næringsliv og forvaltning har behov for, seier Arnestad.


Tilbake
Vestavind Kraft AS - Bukta - N-6823 Sandane - Norway . Tel +47 57 88 37 02 Faks +47 57 88 37 01 Epost: post@vestavindkraft.no |   Admin