sidekart       a   a   a
Du er her: Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel

Ideen om vindkraft i Vanylven lagd på is

Ideen om vindkraft i Vanylven lagd på is

26.04.2010


Vestavind Kraft, Zephyr og Tussa Energi har lagd planane om vindkraft i Vanylven kommune på is.


Grunneigarane si haldning til å få utgreidd vindkraft i Vanylven kommune har vore førande for konklusjonen selskapa no har kome fram til. Trass i eit positivt engasjement både hjå kommunen og mange grunneigarar, har det i enkelte deler av område vore stor grunneigarmotstand mot planane.
 
- Vi ynskjer å spele på lag med lokalsamfunnet, og vil ikkje skape splid mellom grunneigarane, seier administrerande direktør i Vestavind Kraft, Stig Svalheim.
 
Områda Nystøylhornet, Sandviknakken, Myklebustheida og Nordstranda er framleis interessante sett med vindkraftauge. Dersom det i framtida ligg føre eit betre grunnlag for å utgreie prosjekta, vil det vere aktuelt for selskapa å ta opp att planane.
 


Tilbake
Vestavind Kraft AS - Bukta - N-6823 Sandane - Norway . Tel +47 57 88 37 02 Faks +47 57 88 37 01 Epost: post@vestavindkraft.no |   Admin