sidekart       a   a   a
Du er her: Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel

Interesse for vindturbin på Karmøy

Interesse for vindturbin på Karmøy

05.03.2010


Vestavind Kraft og Haugaland Kraft sin vindturbin på Karmøy har no stått i eit år. Samarbeidsprosjektet har fått mykje merksemd.


Vindturbinen som er ein demonstrasjonsturbin, er plassert ved Haugaland Kraft sitt kompetansesenter på Bø i Karmøy kommune og er lett synleg for alle som vitjar området.
 
- Kompetansesenteret er eit senter som gjev skuleungdom og andre innblikk i energiyrket, og det var difor naturleg å plassere vindturbinen ved senteret fortel prosjektleiar Jarle Kjellesvik. Prosjektet som er eit samarbeid mellom Vestavind Kraft og Haugaland Kraft har har vekt interesse, og spesielt sidan vinturbinen er den einaste av sitt slag i området.
 
- Vindturbinen, saman med eit gasskraftverk i miniformat, gjev dei vitjande innblikk i alternative energiformer ut over det vi viser frå vasskraftproduksjon, fortel Kjellesvik.
 
Fakta om vindturbinen
Turbin: Wes 5 Tulipo
Installert effekt: 2,5 kW
Årsproduksjon: 6500 kWh
Nav høyde: 6m
Rotor diameter: 5m
 


Tilbake
Vestavind Kraft AS - Bukta - N-6823 Sandane - Norway . Tel +47 57 88 37 02 Faks +47 57 88 37 01 Epost: post@vestavindkraft.no |   Admin