Vindkraftforum 2010
02.02.2010
Vindkraft står i sentrum i Måløy den 2. og 3. mars, då Vindkraftforum Sogn og Fjordane inviterer til seminar om vindkraft.
Konferansen er eit ledd i den nasjonale nettverksbygginga innan vindkraft, der Sogn og Fjordane spelar ei viktig rolle. Konferansen kan tilby eit toppa lag av innleiarar, med Olje og energiminister Terje Riis-Johansen i spissen. Vestavind Kraft er ein av innleiarane på konferansen.
- Konferansen skal synleggjere potensialet for vindkraftutbygging på Nordvestlandet, seier leiar i Vindkraftforum 2010, Alfred Bjørlo. Vi skal i løpet av konferansen både dra opp overordna visjonar om vindkraftutbygging på Nordvestlandet, synleggjere konkrete muligheiter for næringsutvikling knytta til vindkraftutbygging, og å presentere kva som allereie er på gang innan vindkraft i Sogn og Fjordane.
Tilbake