sidekart       a   a   a
Du er her: Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel

Grunneigarmøte om vindkraft i Vanylven

Grunneigarmøte om vindkraft i Vanylven

22.01.2010


Onsdag 20. januar arrangerte Vestavind Kraft, Zephyr og Tussa Kraft grunneigarmøte i Vanylven pÃ¥ Sunnmøre. Â


Møtet vart halde for å informere om planane for å byggje ein vindpark med inntil 35 vindturbinar på Hovda i Vanylven. På oppdrag frå kommunen har dei tre selskapa det siste halve året sett på moglegheitene for vindkraft i heile kommunen, men har kome fram til at planane som omfattar Nystøylhornet, Sandviknakken og Myklebusttheida på Hovdahalvøya er mest lovande.

Arbeidet er framleis heilt i startfasen, men selskapa håpar å få sett opp ei eller fleire målemaster for å måle vindstyrken i området, og få sendt melding til NVE i løpet av våren om at planlegginga er starta. Før ei eventuell utbygging vert aktuell, vil det bli fleire folkemøte og høyringar.
 
- Oppmøtet på Fiskå ungdomshus var bra, fortel prosjektleiar i Vestavind Kraft, Astrid Håvik. Meir enn 50 grunneigarar hadde funne vegen, og det var mange spørsmål og kommentarar til planane.
 
Om anlegget pÃ¥ Hovda/Ã…ramshalvøya vert fullt utbygd, vil det produsere 200 GWh, det vil seie nok straum til Ã¥ forsyne 10 000 husstandar.
 


Tilbake
Vestavind Kraft AS - Bukta - N-6823 Sandane - Norway . Tel +47 57 88 37 02 Faks +47 57 88 37 01 Epost: post@vestavindkraft.no |   Admin