Stadtvind kan levere vindkraft til Europa
20.01.2010
Når styresmaktene skal velje ut område for mogleg vindkraftutbygging, bør dei ikkje berre fokusere på den sørlege delen av Nordsjøen. Vindsystemet rundt Stadlandet gjer at vindkraftprosjektet Stadtvind kan levere vindkraft når Europa ikkje produserar.
Ein fersk analyse frå Storm Weather Center syner at Stadtvind-området høyrer til eit anna vindsystem enn sørlege Nordsjøen. Stadtvind er eit stort havbasert vindkraftprosjekt som er planlagt lokalisert nordvest for Stadlandet. Prosjektet vil bli verdas største vindkraftanlegg basert på flytande turbinar.
Fordi alle landa kring sørlege Nordsjøen har planar om storstilt utbygging av offshore vindkraft, risikerer dei at alle vil produsere godt samstundes og at vindkrafta difor kjem på billegsal.
- I lys av planane om stor utbygging av offshore vindkraft i denne delen av Nordsjøen, også på norsk sektor, kan dette gjere Stadtvind ekstra interessant, seier prosjektleiar i Vestavind Kraft, Edgar Kvernevik. Sjølv om den fysiske avstanden til kraftforbruket i Europa er kortare frå det sørlege Nordsjøen, hjelper det lite dersom ein ikkje får betalt for vindkrafta når den vert produsert.
Også Kjeller Vindteknikk kjem med tilsvarande vurdering. Ved presentasjonen under Energidagane 2009 av sitt vindkart for heile norsk økonomisk sone uttalte dei fylgjande:
”Ved utbygging sør i Nordsjøen hvor allerede Tyskland, Nederland og Storbritania har store planer for utbygging, kan en ytterligere utbygging fra norsk side være mindre fornuftig. Scenario: alle bygger ut sør i Nordsjøen, noe som kan føre til vindkraft på billigsalg ved for store volumer.”
Tilbake