sidekart       a   a   a
Du er her: Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel

Vindturbin i drift på Lutelandet

Vindturbin i drift på Lutelandet

07.01.2010


Konsesjonsvedtak frå styresmaktene for dei 20 vindturbinane i Lutelandet Energipark er venta i februar. Før jul vart imidlertid den første vindturbinen på Lutelandet sett i drift. Den vesle propellen forsyner i kombinasjon med solceller og ein batteripakke straum til ein Lidar som kartlegg vinden i området.


Ein LIDAR (Light Detection And Ranging) er ein radartype som består av ein detektor-boks på bakken og ein laser. Laserstrålen sitt intensive lys vert sendt mot himmelen og etter ei stund kjem noko av lyset tilbake og ein kan måle mellom anna vindhastighet oppe i atmosfæren. På denne måten får ein betre kunnskap om vindforholda i den høgda rotoren på vindturbinane vil befinne seg. Saman med ei 50-60 meter høg vindmålemast vil ein Lidar utgjere eit godt vindmåleprogram for ein vindpark under planlegging.
 
Lidaren vert levert utan straumforsyning. For å ha ei uavhenging straumforsyning har difor Vestavind Kraft designa ein kraftpakke som består av batterisentral, solceller og vindturbin’, fortel prosjektleiar Edgar Kvernevik i Vestavind Kraft. Solcellene og vindturbinen ladar batteripakken med straum som igjen forsyner Lidaren. Måledata frå Lidaren vert overført trådlaust til Vestavind Kraft på Sandane og heile systemet kan fjernopererast der i frå. Kvernevik fortel vidare at personell frå SFE Nett har vore ansvarleg for samanmontering av alt utstyret som utgjer straumforsyninga til Lidaren og dei har og stått for oppmontering av Lidaren på Lutelandet. ’Stor takk til alle som har vore involvert’, avsluttar prosjektleiar Kvernevik.
 
Lutelandet Energipark AS er eigd av Vestavind Kraft og Statoil, og selskapet har søkt konsesjon for bygging av ein vindpark på Lutelandet i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane.
 
Fotoet viser vindturbinen og målemasta på Lutelandet med det markante fjellet Alden i bakgrunnen.
Foto: Edgar Kvernevik


Tilbake
Vestavind Kraft AS - Bukta - N-6823 Sandane - Norway . Tel +47 57 88 37 02 Faks +47 57 88 37 01 Epost: post@vestavindkraft.no |   Admin