sidekart       a   a   a
Du er her: Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel

Testområde Stadt får konsesjon

Testområde Stadt får konsesjon

08.12.2009


Norges vassdrag og energidirektorat NVE har gjeve Vestavind Kraft konsesjon for Testområde Stadt, som er eit prosjekt for å utvikle flytande vindturbinar utanfor kysten av Stadtlandet. Testområde Stadt er ein ”pilot” for det planlagde vindkraftprosjektet Stadtvind.


- At vi no har fått konsesjon til dette testprosjektet betyr enormt mykje, seier Håkon Sandvik, administrerande direktør i Vestavind Kraft.
 
Testområde Stadt er eit prosjekt som skal førebu utviklinga av det planlagde vindkraftanlegget Stadtvind som skal ligge på grensa mellom Nordsjøen og Norskehavet. Stadtvind vil bli eit stort vindkraftprosjekt med 216 vindturbinar, med ein kapasitet på 1 080 MW.
 
- Det er avgjerande for det store Stadtvind-prosjektet at ein nyttar vindturbinar som er testa under krevjande og vêrharde tilhøve som tilsvarar forholda utanfor kysten av Stadtlandet, seier Sandvik.

Testområde Stadt vil ha ein testinfrastruktur på 5 MW på Drage, 5 MW i Kvalheimsvika og 10 MW på Bukketjuvane, med maksimalt 10 MW samstundes til ei kvar tid. Desse tre stadane gjev ulik eksponering for vind og bølgjer.

Vestavind Kraft har allereie god dialog med aktuelle teknologileverandørar og styresmakter for å få realisert uttesting av fullskala prototype for flytande vindturbinar på Testområde Stadt.

Lenke til brosjyre Testområde Stadt
Lenke til konsesjonsvedtak frå NVE

Kontakt: Håkon Sandvik, administrerande direktør i Vestavind Kraft.
Mobil: 977 77 393


Tilbake
Vestavind Kraft AS - Bukta - N-6823 Sandane - Norway . Tel +47 57 88 37 02 Faks +47 57 88 37 01 Epost: post@vestavindkraft.no |   Admin