Vindkraftforsking på Bulandet
23.11.2009
Vestavind Kraft og Kjeller Vindteknikk har fått klarsignal frå Askvoll kommune til å setje opp ei 99 meter høg vindmålemast på Bulandet i Sogn og Fjordane. Masta vert sett opp i samband med eit forskningsprosjekt som er planlagt å vare til 2012.
- Vi er svært nøgde med å få setje opp målemasta ute i havgapet på Bulandet, seier Stig Svalheim som er prosjektleiar i Vestavind Kraft. Masta gjer at vi kan studere upåverka vind som kjem inn frå havet. Det er dessutan inspirerande å oppleve eintydig positiv respons på prosjektet frå både Askvoll kommune og lokalsamfunnet på Bulandet, fortel Svalheim vidare. Han understrekar at selskapet ikkje har planar om å setje opp vindturbinar på eller rundt Bulandet.
Planen er å få vindmålemasta på plass tidleg i 2010. Etter to års datainnsamling skal målemasta takast ned og området førast tilbake til opphavleg stand.
For meir informasjon:
Tilbake