Vindkraft kan gje vekst i Solund
05.01.2012
Dagleg leiar i Sula Kraft AS, Olav Osvoll, har følgjande innlegg i Firda i samband med folkeavrøystinga som skal gjennomførast i Solund kommune den 9. januar.
"I disse dagar føregår det folkerøysting i Solund om det skal kunne byggast ut vindkraft i kommunen. I denne samanheng har det vore ulike oppslag i Firda og det er sendt ut ei brosjyre frå Nei til vindkraft i Solund «Dette bør du vite om vindkraft i Solund».
Nokre av påstandane i desse debattinnlegga treng å bli kommenterte før Sulingane går til valurnene måndag 9. januar.
Sula Kraft AS ynskjer å bygge eit stort vindkraftverk på Ytre Sula. Selskapet vart stifta for å skape aktivitet i Solund og har Ytre Sula vindkraftverk som einaste føremål. Selskapet er eigd av Vestavind Kraft på Sandane ( 37,5 %) , Sunnfjord Energi (17,5%), Vardar (25%) og Østfold Energi (25%). Den lokale forankringa er solid (50 %) og dei to andre aktørane har brei kunnskap om utvikling av vindkraftprosjekt, mellom anna gjennom deltaking i Kvalheim kraft som driv fylket sitt einaste vindkraftverk på Mehuken i Vågsøy kommune.
Ytre Sula Vindkraftverk har søkt om konsesjon for 39 vindturbinar med effekt på 3,6 MW kvar. Produksjonssimuleringane viser at ein vil kunne produsere 445 GWh kraft pr. år, nok til å forsyne 22 000 hustandar med straum årleg. Verdien på denne produksjonen inkl. elsertifikat er ca 220 millionar kronar årleg. For å få denne produksjonen må ein investere ca 2 milliardar kroner i turbinar, anlegg og kraftline. Dette arbeidet vil generere stor lokal aktivitet i dei to åra bygginga tek. Ein reknar med at 175 årsverk og rundt 300 millionar kroner vil bli den regionale effekten av å bygge kraftverket. Anleggsarbeidarane vil trenge husrom, mat, transport og service gjennom anleggsperioden. Det er sannsynleg at kollektivtransporttilbodet til Solund må styrkast dersom anlegget skal byggast.
Det er verdt å merke seg at berre 1,5 % av det totale influensområdet på 14,5 km2 vil bli direkte påverka av inngrep i form av vegar og oppstillingsplassar.
Når anlegget kjem i drift i det behov for 8‐10 lokale arbeidsplassar i Solund for periodisk vedlikehald og reparasjonar. Dette er heilt nødvendig at desse personane bur i Solund då anlegget må ha høg oppetid for å nå produksjonsmåla. For Solund kommune vil kraftverket kunne gje rundt 7 millionar årleg i eigedomskatt dersom det blir innført (verk og bruk), eller tilsvarande gjennom ein avtale med Sula Kraft dersom eigedomskatt ikkje blir innført.
Djupvasskaia på Haldorneset og ein ny veg på austsida av Ytre Sula mellom Nåra og Haldorsnestet vil gi varige nytte for lokalsamfunnet. 37 km med nye vegar vil bli opne for gåande og syklande i vindkraftområdet.
Bygging av eit så stort vindkraftverk vil også ha negative konsekvensar. Den visuelle effekten av 39 store vindmøller i Solund landskapet og for fugl på trekk er eksempel på negative konsekvensar frå konsekvensutgreiingane.
Det er sådd tvil om at visualiseringane som er nytta for vindkraftverket er rette. Desse er utførte etter retningslinjer gitt av NVE og turbinane er satt inn i terrenget eksakt der dei er omsøkt med korrekt høgde. Under er eit eksempel på visualisering før utbygging på Mehuken og eit foto av korleis det vart sjåande ut etter utbygging. Det er ingen grunn til ikkje å stole på dei visualiseringane som ligg føre.
Nei til Vindkraft i Solund sår tvil om utbygginga er samfunnsøkonomisk lønnsam og påstår at Sula Kraft AS treng støtte frå staten for å bygge dette anlegget. Det korrekte er at Sula kraft as ikkje vil få ei einaste krone i statlege overføringar i samband med prosjektet.
Regjering og Storting har vedtatt at Norge skal slutte seg til EU sitt fornybardirektiv. Verkemiddelet for å auke fornybarproduksjonen er innføringa av elsertifikat som skal gjelde mellom 2012 og 2035. Desse skal stimulere til 13 TWh auka produksjon i Noreg. For å få elsertifikat må anlegget vere i drift innan 2020.
Sula Kraft vil dersom det kjem i produksjon få inntekter frå sal av kraft på kraftbørsen og inntekter frå elsertifikat. Med desse inntektene vil Ytre Sula vere både bedriftsøkonomisk og samfunnsøkonomisk lønnsamt.
Kraftverket vil ikkje være lønnsamt utan elsertifikat og må difor byggast mellom 2012 og 2020 får å kunne ta del i ordninga. Dersom Sulingane ynskjer vindkraft, må dei seie ja no.
Det er utarbeidd ein rapport (Ringvirkninger av vindkraft, AGENDA / ASK Rådgivning) som har som ser på lokale og regionale verknader av vindkraftutbygging. Ein har undersøkt kva som har skjedd i 4 ulike kommunar (Smøla, Hitra, Roan og Lebensby) etter utbygging av vindkraft. Erfaringane frå desse viser at ein har fått ein auke i lokalt næringsliv, kommunal økonomi, økt friluftsbruk i vindkraftområdet og auke i reiseliv. På Smøla, Hitra og Kjøllefjord som har dei tre største vindkraftverka i Norge seier 72% at dei er stolte av vindkraftverka.
Nei til vindkraft i Solund påpeikar at 50 % av grunneigarane på Ytre Sula ikkje lenger bur der. Kvifor er det slik? Ei utbygging av Ytre Sula vindkraftverk vil kunne re vitalisere Ytre Sula gjennom nye permanente arbeidsplassar og ny aktivitet.
Lukke til på måndag.
Olav Osvoll
Dagleg leiar
Sula Kraft AS"
Vedlagt følgjer heile innlegget i pdf.format der også omtalte visualiseringar visast.
Tilbake