Folkeavrøysting i Solund
03.01.2012
I Solund skal det 9. januar haldast rådgjevande folkeavrøysting om vindkraftutbygging.
Konsesjonssøknader for to store vindkraftverk i Solund er på offentleg høyring, og i samband med høyringa ønskjer kommunen at innbyggjarane får seie si meining om prosjekta.
Vestavind Kraft AS er største eigar i eitt av vindkraftprosjekta i kommunen, Ytre Sula vindkraftverk.
- Vindressursen ute på Ytre Sula er fantastisk god, fortel Stig Svalheim frå Vestavind Kraft som sit i styret i Sula Kraft AS. Dersom vi får ja til prosjektet vil dei 39 vindturbinane kunne produsere nok straum til over 20 000 husstander. Anlegget vil gje kommunen om lag 7 mill kr i direkte årleg inntekt og det vil vere trong for 8 – 10 årsverk knytt til drift av anlegget. – I høve til folketalet i Solund kan dei økonomiske ringverknadene frå Ytre Sula vindkraftverk verkeleg bli merkbare, så vi håpar kommunen seier ja til vårt prosjekt, avsluttar Svalheim.
Tilbake