sidekart       a   a   a
Du er her: Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel

Bremanger kommune positive til vindkraft

Bremanger kommune positive til vindkraft

19.01.2012


Kommunestyret i Bremanger vedtok i dag positive høyringsuttalar for dei tre planlagte vindkraftanlegga som er til konsesjonsbehandling hos NVE.


Dei tre vindkraftanlegga som har søkt om konsesjon i Bremanger kommune er Hennøy, Bremangerlandet og Guleslettene vindkraftverk. Eit stort fleirtal i kommunestyret ønskte vindkraftplanane velkomne. Det var eit einstemmig kommunestyre som vedtok høyringsuttalen for Hennøy og Guleslettene, og 18 av dei 23 kommunestyrerepresentantane stemte for ein positiv uttale for Bremangerlandet vindkraftverk.

NVE skal no hansame dei tre konsesjonssøknadane, og utbyggjarane reknar med å få eit vedtak på søknaden rundt årsskiftet 2012/2013.


Tilbake
Vestavind Kraft AS - Bukta - N-6823 Sandane - Norway . Tel +47 57 88 37 02 Faks +47 57 88 37 01 Epost: post@vestavindkraft.no |   Admin