sidekart       a   a   a
Du er her: Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel

Vindkraft er positivt for Bremanger

Vindkraft er positivt for Bremanger

01.12.2011


Eit fleirtal av grunneigarane har sagt ja til vindkraft i Bremanger. No tek dei til orde både på den politiske arena og i media.


REPORTASJE PÅ FIRDAPOSTEN SI NETTSIDE, 30. NOVEMBER 2011;

– Det er fleire fordelar enn ulemper for Bremanger kommune med vindkraft på Bremangerlandet, både for oss grunneigarar, men også for heile kommunen, seier grunneigar Einar Svarstad.

I finansutvalet og formannskapsmøtet i Bremanger onsdag tok ja-sida for vindkraft i Bremanger til ordet. Grunneigarane som har skrevet under avtalen med Vestavind Kraft AS har vore stille om prosessen fram til no.

– Bremanger kommune og grunneigarar i Dalen har no ei unik sjanse til å få noko igjen for investeringane til Bremanger Vindkraft AS. Alle grunneigarane som har skreve under leigeavtalen til Vestavind Kraft AS har forplikta seg til å sette av delar av summen dei får for utleiga til felles beste for alle i Bremanger. Vi snakkar om over 100.000 kroner kvart år, som vi mellom anna tenkjer å nytte til å få bygd gatelys i Dalen, ruste opp grendehuset og andre formål som kjem eit fleirtal av folk til gode, fortel Einar Svarstad.

Grunneigar Einar Svarstad sette i dag eit ansikt på jasida til vindkraft på Bremangerlandet.

– Eg har sjølv hytte i området, og meiner at inngrepet ikkje vil få store konsekvensar. Eg meiner også at konflikten mellom bygdene i Dalen er sterkt overdrive. Eg vert provosert over at enkelte grunneigarar stiller opp i avisa og berre framhever dei negative sidene. Eg meiner det er fleire positive sider enn negative sider i denne saka. Bremanger har dei beste vindressursane på Vestlandet, og dei må vi utnytte, fortel Einar Svarstad.


Tilbake
Vestavind Kraft AS - Bukta - N-6823 Sandane - Norway . Tel +47 57 88 37 02 Faks +47 57 88 37 01 Epost: post@vestavindkraft.no |   Admin