Pengar å tene på vindkraft
02.12.2011
Sogn og Fjordane er ved eit vegskilje i vindkraftsaka, noko administrerande direktør Stig Svalheim i Vestavind Kraft påpeikar i eit debattinlegg i Firda.
DEBATTINNLEGG I FIRDA 2. DESEMBER 2011;
Vindkraftbransjen er i sterk vekst, og det kjem til å vere pengar å tene framover. Kystkommunane i Sogn og Fjordane har no valet om å kaste seg på den grøne bølgja.
Svenske Riksdagen godkjende i går den norsk-svenske el-sertifikatordninga. Her heime har Stortinget tidlegare i år teke same avgjerd. Brikkene er dermed lagt for å få fram 26 milliardar kWh ny fornybar kraft innan 2020 i dei to landa.
Noko av denne nye produksjonen vil kome frå småskala vasskraft, men analysemiljøa er samstemde i at mesteparten av den nye krafta vil komme frå vindturbinar.
Kysten av Sogn og Fjordane har blant dei beste vindressursane i Europa, og fleire av kystkommunane er attraktive for vindkraftutbyggjarane. Fylkestinget vedtok i juni eit mål om at 3 milliardar kWh vindkraft bør byggjast her i fylket innan 2025. Konsesjonssøknader for vindkraftprosjekta er utarbeidd. Kommunane står no føre avgjerande val om dei vil vere med på den grøne bølgja, eller verne om det ein har i dag.
Vi kan like det eller ikkje, men dei to landa sine øvste styringsorgan har vedteke at sertifikatordninga skal finansierast av forbrukarane. Forbrukarane kan vente seg eit påslag i straumprisen på eit par øre per kWh. På andre sida er det venta at all denne nye krafta vil gje kraftoverskot og i sum lågare straumprisar på sikt.
Nye vindkraftanlegg produserer godt og stabilt. Det er med vindturbinar som med datamaskiner – nye maskiner er langt meir effektive enn gamle. Eitt eksempel har vi på Mehuken i vårt fylke. Eit anna på Høg-Jæren i Rogaland, der dei nye vindturbinane produserer meir kraft enn venta. På Høg-Jæren opplever ein dessutan folkevandring til ’energiløypa’ mellom vindturbinane, spesielt på søndagane. Største ankepunkt ved prosjektet synes å vere for få parkeringsplassar.
I Høg-Jæren området har NVE vidare gjeve konsesjon for landets største vindkraftklynge på ca 600 MW. Rogaland ligg godt an til å verte Norges vindkraftfylke nummer ein.
Svenskane er allereie godt i gang med utbygging av vindkraft, og i fleire norske regionar er det lagt til rette for utbygging av store vindkraftanlegg. Verdiskapinga frå utbygging av vindkraft vil verte formidabel og fordelt på mange partar.
I denne konkurransen må Sogn og Fjordane vise handlekraft dersom inntekter og verdiskaping skal hamne her i fylket. Toget går no, og utbyggjarane er klare.
Tilbake