sidekart       a   a   a
Du er her: Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel

Ny vindkraftkonsesjon til Lutelandet

Ny vindkraftkonsesjon til Lutelandet

08.07.2011


NVE har gjeve Lutelandet Energipark AS konsesjon for bygging av eit vindkraftanlegg på Lutelandet i Fjaler kommune.


Konsesjonen er for eit anlegg på inntil 45 MW, med utgangspunkt i 15 stk 3 MW vindturbinar. I mai 2011 fekk selskapet i tillegg konsesjon for bygging av inntil tre testturbinar og 10 MW samla installert effekt.
 
Sunnfjord Energi starta planlegging av vindkraftanlegget etter eit initiativ frå Fjaler kommune i 2004. Prosjektet vart seinare overført til Vestavind Kraft, som saman med Statoil stifta selskapet Lutelandet Energipark AS hausten 2008.
 

Konsesjonssøknaden vart sendt inn våren 2009, og NVE har i dag gjeve konsesjon til vindkraftanlegget. NVE skriv mellom anna i konsesjonsvedtaket at dei samla fordelane ved anlegget er overvegande samanlikna med ulempene anlegget vil medføre. 

- Vi håpar å ha ein testturbin i drift på Lutelandet neste år, og planlegg for å ha det kommersielle vindkraftanlegget på plass så raskt som råd etter at kraftlinja mellom Ørskog–Fardal står ferdig til å ta imot kraft, seier Stig Svalheim, styreleiar i Lutelandet Energipark.

Selskapet har hatt ein god dialog med Fjaler kommune i utviklingsprosessen.

- Vi ser at det er svært viktig med eit godt vidare samarbeid med kommunen, grunneigarar og andre regionale utviklingsaktørar for å realisere planane om eit vindkraftanlegg på Lutelandet, avsluttar Stig Svalheim.

Konsesjonsvedtaket frå NVE kan ein lese her.
Biletet er teke av Oddmund Haugen.


Tilbake
Vestavind Kraft AS - Bukta - N-6823 Sandane - Norway . Tel +47 57 88 37 02 Faks +47 57 88 37 01 Epost: post@vestavindkraft.no |   Admin