Konsesjonssøknad for Ytre Sula
07.07.2011
Sula Kraft har sendt konsesjonssøknad til NVE for eit vindkraftprosjekt på Ytre Sula i Solund kommune.
Prosjektet er konsesjonssøkt til NVE med planlagt installasjon på 39 vindturbinar på 3,6 MW, noko som gjev ein samla installert effekt på 140 MW. Ei slik utbygging vil kunne gje ein årleg produksjon på 445 GWh.
Det har vore gjennomført konsekvensutgreiingar for prosjektet og vindmålingar for området syner svært gode vindforhold.
– Vi meinar at prosjektet på Ytre Sula vil kunne vere lønnsamt for utbygging og vi ser fram til ei offentleg handsaming av prosjektet, seier administrerande direktør i Vestavind Kraft, Stig Svalheim.
Prosjektet vert utvikla i eit eige prosjektselskap, Sula Kraft AS, som er eig av Vardar (25 %), Østfold Energi (25 %), Sunnfjord Energi (17,5 %) og Vestavind Kraft AS (32,5 %).
Meir informasjon om prosjektet finn du på prosjektsida til Ytre Sula.
Tilbake