Grunneigar-ja til Bremangerlandet Vindpark
04.07.2011
70 % av grunneigarane til Bremangerlandet Vindpark har signert leigeavtale for eit vindkraftanlegg aust for Steinfjellet og Blåfjellet på Bremangerlandet.
- Vi er sjølvsagt glad at grunneigarane ønskjer å samarbeide vidare med oss for å realisere eit vindkraftprosjekt på Bremangerlandet, sier prosjektleiar Arnar Kvernevik. - Prosjektet kan bli eit svært godt vindkraftprosjekt, med gode vindforhold og nærleik til sterkt kraftnett.
Prosjektet er avhengig av at 420 kV linja Ørskog-Fardal vert bygd. Bremangerlandet Vindpark har planlagt tilkobling til det eksisterande 132 kV nettet ved hjelp av ei ny linje frå Oldeide til Oteren, der ein tenkjer å koble seg på 132 kV linja mellom Åskora og Bryggja. Men dersom SFE Nett sine planer om ein ny 132 kV ytre ring i Nordfjord vert realisert, vil Bremangerlandet Vindpark i staden for å bygge eiga produksjonslinje knyte seg til denne nye ringen.
Prosjektet har vore planlagt sidan 2005 og det har vore fleire tilpasningar av prosjektet etter dette. Selskapet fekk utgreiingsprogram frå NVE i 2009, og er no i sluttfasen for å gjennomføre konsekvensutgreiingar for anlegget. I august vil selskapet sende konsesjonssøknad til NVE.
Som resultat av at leigeavtale med grunneigarane no er inngått, vil selskapet søkje Bremanger kommune om løyve til å setje opp vindmålemast i planområdet. – Vi ser føre oss å setje opp to målemaster på området. Etter ein måleperiode på ca 1 år vil vi vurdere om det må gjerast mindre endringar i turbinplasseringane innanfor planområdet, seier Kvernevik.
Tilbake