Etterlyser betre rammevilkår
04.03.2010
Manglande rammevilkår for utbygging av vindkraft i Noreg, gjer at vi kkje kjem i gang med bygging, seier Stig Svalheim i Vestavind Kraft.
Dette var hovedbodskapen til Vestavind Kraft under Vindkraftforum 2010 i Måløy 2. mars.
Vestavind Kraft var ein av innleiarane under konferansen som samla nærmare 300 deltakarar. Konferansen, som vart arrangert av Vindkraftforum Sogn og Fjordane, hadde foredrag frå både noverande Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen og den førre – Åslaug Haga.
- Vi har konsesjon for utbygging av både vindkraft på land og offshore, og solide eigarar med gjennomføringsevne. Men på grunn av manglande rammevilkår kjem vi ikkje i gang med bygging, seier konstituert administrerande direktør i Vestavind Kraft, Stig Svalheim. Han understrekar at så lenge vi har ein anstrengt kraftsituasjon her i landet så er det eit uansvarleg paradoks at det ikkje vert lagt betre til rette for ny kraftproduksjon og næringsutvikling knytta til vindkraft.
Lenke til presentasjonen